På Ekeberg er det dag 2 for Norway Cup. Våre lokale lag melder om fortsatt seier og godt vêr i hovedstaden. Kvass/Ulvungen/ Søya/Todalen G13 spela i dag mot Høybråten og Stovner IL og vann med 3-1. Her var det scoringar av Vebjørn Hunnes, Marcus Brein Gikling og Lang Valset. Laget er dermed vidare i A-sluttspelet med ein kamp igjen i morgon.
Søya/Todalen/Kvass/Ulvungen J16 fortsett også sin seiersrunde og sikra i dag A-sluttspelet etter ein tøff 2-0 seier over Helgerød IL/Gøif fra Sandefjord. Også i dag scoring av Emma Sæther og Ragne Gjersvoll.
Surnadal/Søya/Todalen J19 tapa dessverre 3-4 mot Nordhordland BK. Dermed må dei klare seg med B-sluttspill og 1/8-delsfinale på onsdag.
J14 spela mot Langhus, og tapte dessverre 3-0. Det betyr sisteplass i pulja så langt, og B-sluttspel.
For fleire bilder og tabellar: Sjå på IL Søya si heimeside
Eller rapporter fotballgruppa i Surnadal IL på si facebookside om følgjande resultat i dag:
G14: Gulen-Surnadal 0-9
J14: Skeid-Surnadal 1-2
J13: Surnadal-Huk 1-1
J19: Surnadal/Søya/Todalen-Nordhordland 3-4
J13: Øvrevoll Hosle-Surnadal 4-3
G16: Surnadal 1-Øyestad Sort 5-1
G16: Pequeninos Do Jockey-Surnadal 2 9-0
G19: Osterøy-Surnadal/Rindal 2-0