Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Gunnøydilten vart ein kjempedag

Jon Olav Ørsal Torsdag 6. april 2023

Todalen Idrettslag trefte blinken med Gunnøydilten!  Verken vi eller arrangøren, som var TILs trimgruppe veit kor mange som var med, men det kom og gikk folk frå alle kantar, så derfor veit vi at det var mange som var med.  Og folket kosa seg i finvêret – og folk brydde seg ikkje om av det til tider var litt sterk landvind for dei var kledde for å være ute.  TILs trimgruppe hadde ordna med både kaffe og brus, og kanelsnurrane og sjokoladekaka fikk bein å ga på – vi såg berre blide ansikt nedover heile turstien.  

Trimgruppa sørga som vanleg for nystekte kanelsnurrar og sjokoladekake til kaffen! Anita Talgø, Lars Kvendset og Torill Talgø. Foto Jon Olav Ørsal

Vi trur at alle som deltok i dag kosa seg i lag – her trefte du både tilreisande og bygdefolk og ikkje minst naboen som du ikkje snakkar med så ofte.  Som sagt så veit vi ikkje kor mange som deltok, men vi vil etter kvart få tal på kor mange som i dag har registrert seg digitalt på turappen som TIL har i Toåa tursti.  -Det blir nok mange i dag, men det var nok mange som ikkje har appen og som dermed ikkje vart registrert.  

545 lodd var sluttrapporten for loddsalen til Todalen I.L. Sissel Halset Storslett hadde fullt opp med loddsal heile dagen. Foto Jon Olav Ørsal

Lotteri var det også – Sissel Halset Storslett skriv i loddboka så blekket spruta, og var storfornøyd med loddsalet som enda opp på 545 lodd.  Etter at arrangementet var ferdig hadde dei trekningslista klar, og her kan du sjekke om du har hatt vinnarlukke:

  • Liten campingstol –  Elea og Eline Ansnes  (Øya)
  • Tova vottar  –  Anders Mo Nytrø’n
  • Hengekøye  –  Anita Talgø
  • Vedsekkar –  Jan Olav Husby (Oddøya)
  • Påskevarer –  Nedbretthaugen (Stensby)

Trimgruppa rettar ein stor takk til alle som var med og kasta glans over den fine dagen, og takkar for all støtte både til loddkjøp og kioskhandel/kaffekjøp. 

Leiaren i Todalen I.L. tykte det var stor stas med slik respons på Gunnøymarsjen i Toåa Tursti. Foto Jon Olav Ørsal

Nedafor har vi lagt ut eit galleri frå Gunnøydilten – har kan du kanskje finne nokon du kjenner?   Alle foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 6. april 2023, 16:18