Ved midnatt, natt til skjærtorsdag, starta Trimgruppa i Todalen Idrettslag sin «Gunnøydilten over fire dagar». Så langt er det mange som har teke den fine turen langs Toåa tursti og som har registrert seg via QR-koden som er opphengt på oppslagstavla ved gapahuken ved Båthølen. Dei som registrerer seg er med i trekninga av fine premiar. Trekninga skjer måndag 5.april og blir kunngjort her på Todalen.no. Siste frist for å ta turen og vere med i trekninga, er søndag kveld den 4.april.
Slik registrerer du deg:
- Rett telefonkameraet mot QR-koden. Trykk på registreringsskjemaet, når det kjem opp på kamerabiletet.
- Fyll ut skjemaet med Namn, Dato og eventuelt andre du hadde med deg på turen.
- Trykk på SEND-knappen, og du er registrert.
Informasjonen som blir registrert, blir kun nytta for å registrere kven som er med i trekninga av premiane. Informasjonen blir sletta umiddelbart etterpå.
Det er fortsatt over to dagar att til sluttstrek blir sett for registrering, så her er det berre å ta seg ein tur og bli med i trekninga av fine premiar! Dette er eit kjempefint og kjærkomme tiltak frå Trimgruppa i Todalen Idrettslag, i ei tid der dei fleste aktivitetane er avlyst som følge av smittevernreglane.
Nedanfor kan du sjå bilete frå torsdag og fredag føremiddag: