Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Gunn Marit Nisja kjem til Surnadal folkebibliotek

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 16. oktober 2020

Onsdag 21.oktober klokka 18:00 kjem forfattaren Gunn Marit Nisja til Surnadal folkebibliotek på kulturhuset for å presentere den nye boka si, «Jeg skal ta vare på deg». Gunn Marit er fødd og oppvoksa i Sunndal, men er i dag busett i Modum i Viken. Der arbeider ho som avdelingsleiar på Blaafarveverket. Ho debuterte som romanforfattar i 2011 med romanen «Naken i hijab». Etter det har ho gjeve ut romanane «Porselenspiken», Olivensteinen» og «Etter oss», før ho no i haust altså gjev ut «Jeg skal ta vare på deg». 

Det er ein heilt vanleg kveld då mora ringer til vilje på studentheimen. Samtalen blir alt anna enn vanleg. Mora verkar forvirra og snakkar usamanhengande. Skremd tek Vilde affære, og får mora lagt inn på det lokale sjukehuset. Då Vilje kjem heim, kan doktoren fortelje at mora er ramma ein akutt hjarnesjukdom.

«Jeg skal ta vare på deg» er ein roman om korleis livet plutseleg veltar om på det meste – ei forteljing om ei dotter som må ta ansvar for mora si framtid, og si eiga, og kva dilemma dette set ho i. 

Gunn Marit skriv lågmælt og fint om vanlege menneske – og om når livet, draumane og utfordringane spelar seg opp mot kvarandre. 

Det er gratis inngang, men på grunn av smittevernkrava må ein melde seg på forfattartreffet. Det gjer ein ved å ringe: 476 80 797, sende e-post til: biblioteket@surnadal.kommune.no eller på biblioteket si facebookside. 

Tove Sundli frå ARK bokhandel i Alti Surnadal kjem og sel boka, slik at den som vil ha ei signert utgåve av boka, kan få kjøpt det denne kvelden. 

 

 

Først publisert: 16. oktober 2020, 07:00 - Sist oppdatert: 15. oktober 2020, 13:29