Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Gult varsel for mykje regn – langt frå flaum enno

Jon Olav Ørsal Onsdag 25. desember 2024

I natt og i føremiddag har det regna godt – etter meldingane tyder det på at det regnar heilt til topps, men det eer langt i frå meldt flaumfare enno.  Kl 12 i dag var det knappe 20 m3/sek ved målaren oppå Storfossen. Vassføringa har da dobla seg frå kl 09 i dag tidleg, da det passerte knappe 10 m3/sek.

Det som NVE kallar ein middelflaum er etter deira definisjon på 74 m3/sek ved Storfossen.  Ein slik flaum kan vi rekne med skjer kvart år men det er altså langt att dit enno. Det er imidlertid lurt å følgje med og passe på at vannpostar og bekkjeløp er opne, slik at vatnet hamnar der det skal utan å gjere skade.  Frå 2. juledag er det meldt kaldare vêr og mindre nedbør, så da vil nok vassføringa minke både i elvar og bekkar.  

Kl 17:30:  Toåa veks framleis utover dagen i dag, og kl 16:00 er vassføringa på storfossen komen opp i nærare 32 m3/sek.  Etter meldingane skal temperaturen gå ned utover natta, og da vil nok vassføringa minke fort.  

Publisert: 25. desember 2024, 13:25