Som fleire som ferdast gjennom anleggsområdet forbi rasstaden mest truleg har lagt merke til, så er lysreguleringa ute av normal drift for tida. Kolo Veidekke sin mann på staden i dag tidleg kunne derimot fortelje at dette snart vil bli retta. Dei ventar på ein del til eit av kameraene som gjer at reguleringa ikkje fungerer som den skal. Det har dei siste dagane lyst blinkande gult.
Difor er det opp til kvar enkelt å væra oppnmerksom på motgåande trafikk i åpningsperiodane til det blir retta igjen.