Olsokspelet på Stiklestad er nyleg avvikla. På Bøfjorden Sjøbruksmuseum søndag blir speldiktaren Olav Gullvåg presentert av barnebarnet Eivind Hasle, som nettopp har skrive bok om han. Gullkorn frå årets dialektutgåve «Teft og tykkje» dukkar også opp.
– Men livet hans omfattar langt meir, poengterer Eivind Hasle. – I første del av karrieren markerte han seg som ein hardtslåande journalist og avisredaktør – og ein ivrig forkjempar m.a. for nynorsk.
Frå rundt 1930 var Gullvåg først og fremst skjønnlitterær forfattar, med suksess både i inn- og utland. Best kjent av ein serie romanar er vel «Det byrja ei jonsoknatt» (1937) og «Kongens nåde» (1939).
Eivind Halse kåserte om bestefaren på Stiklestad nyleg og gir reprise i Bøfjorden søndag – ut frå boka si, «Olav Gullvåg. Bladmann og bokmann».