Onsdag kveld var det rundtvask på Hett og svett. Det var trimgruppa som stod for rundtvasken, – alle apparata og mattene vart vaska, likeså tak, vegger og golv. Vindua vart fint pussa. Dette var arbeid som trongst, men i løpet av kvelden vart det altså gullande reint!
Hett og svett er eit flott tilbod frå Todalen idrettslag, her finst det gode apparat for å trene både kondisjon, styrke, balanse og koordinering. Fysisk aktivitet er viktig for alle aldersgrupper, men ikkje minst er det viktig for godt vaksne folk å trene både styrke og balanse. Det er gratis å trene på Hett og svett for medlemer i idrettslaget, medan ikkje-medlemer må betale 20 kroner for ei treningsøkt.
Leiaren i trimgruppa, Jorunn Nordvik, fortel at det heldigvis er mange som bruker apparata på Hett og svett, men at det er rom for fleire. Drifta av Hett og svett er på dugnad, og brukarane blir oppfordra til å rydde og fli om etter seg. Det er både antibac, støvsugar og vaskeutstyr tilgjengeleg i huset. Jorunn poengterer at det er viktig å berre bruke innesko inne i lokala – det lettar reinhaldet mykje.
Prinsippet for drifta av Hett og svett er: «Felles ansvar – felles glede».
No er det nytt år og nyvaska lokale, altså rette tida for å starte opp med trim på Hett & svett!