Søndag var det gudsteneste i kyrkja, der mellom anna presentasjon av dei kyrkjelege konfirmantane for neste år vart presentert. Det var prost Leif endre Grutle som var vikarprest, da det enno ikkje er tilsett ny prest i Stangvik prestegjeld.
Det var forresten ikkje berre presten som var på vikarbasis, for Bernt Bøe som no er pensjonist var organist-vikar og Borghild Talgø var klokkarvikar for høvet, og las dagens tekster. Prost Endre Grutle var som sagt vikarprest i dag. Som prost er det hans ansvar å tilsette ny prest i Stangvik prestegjeld, og han fortalte at det blir jobba for full med å skaffe ny prest. Samtidig ga det eit høve for han sjølv til å ta ein todalstur for å vikariere. Tema for dagens gudsteneste var 500-årsjubileet for den kyrkjelege reformasjonen, og dette skal markerast i til sammen 4 gudstenester i løpet av hausten.
Elles ønska han dei 4 kyrkjelege konfirmantane i 2018 velkomne. Dei står på terskelen til eit spennande liv, og deltek i konfirmantopplæringa med sokneprest Vidar Rygh saman med konfirmantane i Surnadal. Den vil foregå gjennom heile vinteren og fram til konfirmasjonen til våren.