Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Gudsteneste og påskekonsert

Elinor Bolme Måndag 21. mars 2016

Skjærtorsdag er det både gudsteneste kl 11 og stor påskekonsert i Todalen kyrkje kl 19.30. Vi gjer oppmerksom på at tidspunktet for gudstenesta er endra siste veka. Under er ei pressemelding frå Bernt Idar Bøe som omhandlar dei tradisjonelle påskekonsertane i regi av KKKK- akademiet

 

Høgtid med harpe og strykekvartett er agenda for årets påsketurne i regi av KKKK-Akademiet. Skjærtorsdag får Ålvundeid kyrkje (kl. 16) og Todalen kyrkje (kl. 19.30) konsertbesøk. Langfredag gjestar musikarane Gullstein på Tustna (16) og Nordlandet i Kristiansund (19.30).

Harpist ved Den Norske Opera, Kjersti Beate Vindal, har denne gong slått lag med Festivalkvartetten – Alex Robson og Jon Mehus, fiolin, Ole Wuttudal, bratsj og Joachim Munchner, cello.

Harpesolisten opnar programmet med religiøse folketonar, bruremarsj og springar frå Sykkylven, Bjerkreim og Innfjorden («Jeg råde vil alle») – delvis med følgje av strykekvartetten. Etter to satsar frå Anton Dvoraks klangfulle og spenstige «Amerikanske Strykekvartett» blir det solo harpe (Irsk folkemusikk) og duettar (Tsjaikovski for harpe og cello, Ibert for harpe og fiolin).

Siste avdeling består av armenske folkesongar og Borodins vidunderlege «Notturno», før konserten blir runda av i beste nordmørske ånd – med «Vårsøg» for fullt ensemble.

Harpe (lyre) er Bibelens klassiske instrument. Kong David formidla med sitt strengespel trøst og glede til både den tunglyndte kong Saul og andre. Ved påsketid 3000 år seinare er det også fine opplevingar å hente i ein konsert med desse instrumenta!

Paskekonsert 2016 PLAKAT 80 x 107

Publisert: 21. mars 2016, 10:00