Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Gudsteneste og årsmøte i Todalen kyrkje

Dordi Jorunn Halle Måndag 11. mars 2019

Preiketeksta første søndag i fastetida er henta frå Matteusevangeliet og har overskrifta «I Getsemane» – ei kjent tekst som handlar om Jesus siste dagar før påske. Sokneprest Kristin Strand forklarte at det i kyrkjeåret er to fastetider; advent er den første fastetida i kyrkjeåret og blir avslutta med Jesu fødsel. Den andre fastetida er vekene før påske og handlar om Jesu lidingssoge. Fiolett er liturgisk farge for båe dei to fasteperiodane.

Kristin Strand ønskte evig unge Bøe velkomen som ny, men velkjent organist i Todalen kyrkje, gledeleg at han stiller på orgelkrakken igjen! Hedda Hansen Berg har dessverre sagt opp organiststillinga – ho fekk takk for vel utført arbeid! «Vi har hatt stor glede av Hedda,» sa presten.

Konfirmant Silje ønskte alle vel møtt til gudstenesta. Ho deltok også under gudstenesta med tekstlesing – det greidde ho kjempegodt! Ho las både tydeleg og høgt.

Silje ønskte alle vel møtt til gudsteneste. Foto: Dordi J H

Arrangement framover:

  • 13. mars: Tonekveld i Øye kyrkje med koret Prosjekt 17 og Torgeir Leivdal. Folketonemesse bygd over slåttar frå Todalen.
  • 14. april: Samtalegudsteneste med konfirmantane i Todalen, Stangvik og Åsskard. I Stangvik kyrkje.
  • 18. april: Gudsteneste i Todalen kyrkje. Skjærtorsdag
  • 22. april: Gudsteneste på Haugligardane. 2. påskedag.

    Pynta til fastetid. Foto: Dordi J H

Fasteaksjonen 2019, 9. april.

Konfirmantane med medhjelparar kjem rundt bygda for å samle inn pengar til Kirkens Nødhjelps fasteaksjon. Tema for årets aksjon er: «Reint vatn er ein menneskerett». Faktisk er det slik at ureint vatn drep fleire menneske enn krig no. Men Kirkens Nødhjelp hjelper menneske over heile verda. Eit døme er at brønnane til Kirkens Nødhjelp gjev reint vatn til 25 000 menneske i Puntland i Somalia. Klimaendringane fører til tørke som tek livsgrunnlaget frå folk. I fjor kom det inn 8595 kr i fasteaksjonen – det er stor givarglede i Todalen.

Britt Mossing og Anders Gjeldnes frå soknerådet og organist Bern Idar Gudrunsson Bøe. Foto Dordi J H

ÅRSMØTE FOR TODALEN SOKN

Leiar i Todalen sokneråd, Britt Mossing, la fram årsmelding for 2018. Britt opna med at året 2018 starta med ei stor glede da det endeleg vart tilsett ny sokneprest, Kristin Strand, som hadde si første gudsteneste 28.januar.

Litt statistikk frå 2018:

  • 15 gudstenester med til saman 715 deltakarar
  • 6 soknerådsmøte – 33 saker handsama
  • 4 konfirmantar, 1 barnedåp, 1 vigsel, 3 gravferder
  • Innsamla offergåver 45 893 kr, av dette 26 251 til kyrkjelydsarbeidet

Konfirmantane fekk praktutgåva av salmeboka i gåve frå kyrkjelyden. Det har vore delt ut kyrkjebøker til 4- og 6-åringar, biblar til 5. klassingane. Ved barnedåp får dåpsbarnet dåpslys og dåpsklut. Jubilantar frå 80 år og oppover får blomsterhelsing frå soknerådet. Vellukka felles konfirmantfest for Todalen og Stangvik sokn i Ungdomshuset.

Nytt av året er at dåpsbarn skal få dåpskluten som er brukt under barnets dåp. Dåpsklutane er produserte av kvinner på Madagaskar.

Dugnadsinnsatsen for å få ein fin og velstelt kyrkjegard har vore stor også i 2018, mellom anna med grasklipping heile sommaren. Kyrkjetenar Oddvar Væge takka todalingane for flott innsats.

Mykje godt på bordet. Frå venstre: Ola Einar, Ester Karin, Anne Helene, Ragnhild, John, Knut. Foto: Dordi J H

Kyrkjebygget

Ny mønekjøl og lynavleiar vart montert i året som gjekk. Orgelet vart reparert, men under arbeidet kom det fram at det trengst ytterlegare utbetringar som det er håp om å få gjort snarast. Det er også oppdaga rote i tårnkonstruksjonen.

Det er arbeid på gang for å lage parkeringsplass ovanfor kyrkjemuren mot Moen.

Under kyrkekaffien vart ymse saker teke opp. Kristin Strand peika at det er meir folk i norske kyrkjer enn det statistikken syner da mellom anna deltaking i gravferder ikkje tel med.

Til slutt kom det ønske om at tårnlukene blir opna under ringing slik at lyden frå kyrkjeklokkene kan tone ut over heile bygda!

Deltakarar på årsmøtet: Andres Gjeldnes, Bernt G. Bøe, Oddvar Væge og Kristin Strand. Foto: Dordi J H

Vinterkledd kyrkje i dag. Tårnkonstruksjonen må reparerast. Foto: Dordi J H

I soknerådet sit: Britt Mossing, Ingrunn Janne Torvik, Anders Gjeldnes, Kristen Bruset, Sidsel Heimlund.

 

 

Publisert: 11. mars 2019, 09:00