Søndag var det gudsteneste i Todalen kyrkje – eit førtital kyrkjegjengarar hadde funne vegen til kyrkja, der Torbjørn Brøske var liturg. Brøske er framleis vikarprest og Bernt Bøe trakterte piano og orgel, også han er vikar for organisten. Tema for dagen preken var Maria budskapsdag, og Torbjørn heldt ei interessant og god preken.
Elles var 5.-klassingane – i år er det to av dem – Ådne og Anders til stades for å ta i mot kvar sin action-bibel. Desse biblane er ny og tilpasse den yngre garde, og presten advara om spanande stoff i desse biblane. Deler av P17-koret var også på plass, og var med og løfta salmesonen i kyrkja.
Soknerådsleiar Kristian Gjeldnes minte på om neste vekes fasteaksjon i soknerådets regi – det skjer komande tysdag, og dei startar opp i 17-tida for å kome rundt i heimane for å få med folk til å støtte fasteaksjonen.
Elles vart det også minnt på om neste gudsteneste som skjer på Tjønnmyran på 2. påskedag