Søndag inviterte Todalen Sokneråd til gudsteneste i Todalen kyrkje. Under gudstenesta vart dei fire Todalingane som skal konfirmerast i mai neste år presentert. Liturg søndag var Pål Arne Winsnes, Torbjørn Brøske var assisterande liturg, Rannveig Brøske var klokkar og Oddveig H. Halle var organist.
Eit lite femtital møtte opp i kyrkje for å vere med på søndagens gudsteneste. Rannveig Brøske las frå Paulus sitt brev til Romarane, medan det heilage evangeliet denne søndagen var henta frå evangeliet etter evangelisten Johannes.
I preika si tok Winsnes denne gongen for seg det å føle seg einsam og om å få tilgjeving. For å markera at det i år er 1700 år sidan det første kyrkjemøtet i Nikea, vart «Den nikenske trusvedkjenninga» bruka denne søndagen.
Fire konfirmantar

F.v. konfirmantane Natalie Astrid, Lisa Ranes, Jakob Ranes og Fredrik Sogge saman med prest Pål Arne Winsnes
Våren 2026 er det fire konfirmantar i Todalen kyrkje. Dette er: Jakob Ranes, Natalie Astrid Brusethaug, Fredrik Sogge og Lisa Ranes. Winsnes presenterte konfirmantane, medan Torbjørn Brøske tende lys for dei. Winsnes fortalte litt om kva som ventar dei fire konfirmantane i tida fram til konfirmasjonen i mai neste år, så her har dei fire mykje å fjå fram til.
Som vanleg var salmesongen også denne søndagen fin og høg, og alle som var i kyrkje fekk ei skikkeleg fin høgtidsstund.