Søndag var det gudsteneste i Todalen kyrkje. Det var over 60 tilhørarar, og sokneprest Bernt Venås heldt ei god preken over tema «falske profetar», samtidig som han nytta høvet til å minnast dei som var råka av tragedien den 22. juli. Spesielt var det nok at det var solosong i kyrkja, da Svein Bjørkøy song to folketonar frå galleriet. Han var i Todalen i høve søskenbarntreffet for Moeslekta i Hemne/Todalen, og denne «forsterkninga» løfta nok salmesongen i kyrkja denne dagen.
Bjørkøy song «Her råder vi alle i ungdommen» som er ein folketone fra Innfjorden etter arrangement av Catarinus Elling. Den andre folketonen var «Se solens skjønne lys og prakt» etter arrangement av Knut Nystedt.
