Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Gudsteneste med hausttakkefest

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 11. oktober 2020

Søndag var det gudsteneste med hausttakkefest i Todalen kyrkje. Neste års konfirmantar var med og delte ut salmebøker og las herrens bøn. 50-årsjubilantane var invitert og Start 4H stod for pyntinga i kyrkja denne søndagen. Dagens tekst hadde liturg Kristin Strand henga frå Lukasevangeliet kapittel 12. 

Start 4H var ansvarleg for pyntinga av kyrkja til dagens gudsteneste med hausttakkefest. 

Pyntegjengen! Attom f.v. Jens Sancho Ansnes, Van Adrian Ansnes og Johan Ranes. Framom f.v. Lisa Ranes, Jakob Ranes og Markus Bolme. Foto B G Ansnes

Neste års konfirmantar, Johan Ranes, Edel Therese M. Karlsen og Van Adrian Ansnes, hadde denne dagen forskjellege oppgåver før, under og etter gudstenesta. Dette inngår som ein del av konfirmasjonsførebuinga deira. Først var det med Oddvar Væge og ringde med kyrkjeklokkene. Så var det utdeling av salmebøker til dei frammøtte. Under gudstenesta las dei kvar for seg frå herrens bøn. Til slutt var dei med å serverte kaffe og kake til kyrkjelyden under kyrkjekaffien. 

Dagens tekst hadde liturg Kristin Strand henta frå Lukasevangeliet kapittel 12. Bernt Idar Bøe spela orgel og laga med det ei fin musikals ramme rundt gudstenesta. Dagens takkoffer gjekk til kyrkjelydsarbeidet. 

Her får Anne Kristine Bævre (t.v.) salmebok av neste års konfirmantar. Foto: B G Ansnes

Dei frammøtte 50-årskonfirmantane vart kalla fram for å fortelje litt om konfirmasjonstida si i 1969/70, slik at neste års konfirmantar kunne få eit lite innblikk i korleis konfirmasjonsførebuinga var for 50 år sidan. 

Etter gudstenesta var det kaffe, sjokoladekake og twist.  

Til slutt var det kyrkjekaffi med sjokoladekake. Foto: Ester Karin Larsen

Publisert: 11. oktober 2020, 12:13