Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Gudsteneste i Todalen kyrkje søndag

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 15. november 2023

Søndag 19. november klokka 11:00 inviterer Todalen Sokneråd til gudsteneste i Todalen kyrkje. Forrettande prest er Torbjørn Brøske, og ved orgelet sit Oddveig Helset Halle. Konfirmantane er med. – Dei møter kl. 9.30, heng opp salmenummera, ringjer med klokkene, går i prosesjon, og kanskje vert det tekstlesing, fotel Torbjørn. 

Torbjørn gjentek det han sa ved slutten av siste gudstenesta: «Ein av grunnane til at eg ikkje greier å seie nei til fortsatt å vikariere, er salmesongen her i kyrkja»

Somme av kyrkjegjengarane ønsker å vite salmene før helga, så dei får øve heime…. God ide. Så her kjem lista over salmar: 574, Ånd fra himlen, 328, Min hyrding er , 324, Ikke en spurv til jorden, 977.4, Hallelujaomkved før og etter evangelielesinga. 733, Gjør meg til et redskap for din fred (Frans av Assissis bønn), 404, Kom, kom og hør, 468, Hos Gud er evig glede. 
 
Takkofferet denne søndagen går til Kirkens SOS via Vipps 506908. 
 
Todalen Sokneråd ønsker velkommen til gudstenesta søndag!
 

Medlem i Todalen.no –


 

Publisert: 15. november 2023, 18:19