Todalen Sokneråd inviterer til gudsteneste søndag 10. september klokka 11:00 i Todalen kyrkje. Liturg er Torbjørn Brøske, medan Bernt Bøe er organist.
Det blir hausttakkefest denne søndagen, og kyrkja blir, i tradisjonen tru pynta av Start 4H i Todalen. Dei unge i 4H vil også fortelje litt om arbeidet i laget gjennom året, og orientere om kva dei legg vekt på når dei er samla.
Dei 4 H-ane står for «hode, hjerte, hender og helse». Og liturg Torbjørn lovar å ta med seg desse sentrale orda i preika si.
Takkofferet denne hausttakkefestsøndagen går til Kyrkjelydsarbeidet på Vipps 506908.
Etter gudstenesta blir det ein enkel kyrkjekaffe.
Todalen Sokneråd ønsker alle er velkomne til hausttakkefestgudsteneste!
Medlem i Todalen.no –