Gudstenesta 2. påskedag var tillyst som friluftsgudsteneste på Haugligardane, men vart flytta til kyrkja på grunn av føreforholda. Stort snøfall både før påske og i påskedagane gjorde at området på Haugligardane var lite egna for føremålet, og dermed var det nok bra at den vart flytta under tak. Men det vart ei fin gudsteneste i kyrkja, der Todalskoret deltok med korsong. Tema for dagen var sjølvsagt påskebudskapet og det var vikarprest Leif Erik Grutle som forretta.
Eit trettitals tilhøyrarar deltok i gudstenesta og Todalskoret sette nok ein ekstra spiss på songen i kyrkja. Det var ofring til kyrkjelydsarbeidet i Todalen.
Nedafor finn du eit lite bildegalleri fra gudstenesta 2. påskedag. Alle foto: Driva/Jon Olav Ørsal