Julaftan – 24. desember – blir det tradisjonell gudsteneste i Todalen kyrkje. Det er Kirsti Hjørnevik som held gudstenesta, som startar kl 14.00 – ein halv time seinare enn tidlegare annonsert i kalenderen.
Det blir takkoffer til kyrkjelydsarbeidet, melder Todalen sokneråd, som ønskjer alle vel møtt til julegudsteneste.