Kulturlandskapsprisen 2022 går altså til Gudmund og Cathrine Kårvatn. Det opplyser Statsforvaltaren i Møre og Romsdal i ei pressemelding i dag. Det er Statsforvalteren i Møre og Romsdal som deler ut prisen. – Garden deira, Kårvatn, ligg øvst i Todalen i Surnadal kommune. Garden vert driven imponerande allsidig og godt for folk og fe, seier Statsforvaltaren i pressemeldinga.
– Eg gratulerer Gudmund og Cathrine så mykje med prisen, seier statsforvaltar Else-May Norderhus vidare. Ho har sitte som leiar av juryen for prisen i år.
Vidare heiter det: – På Kårvatn er det både dyr, turisme og butikk. Her tek dei godt vare på jord, bygningar, natur, husdyr og folk. Dette har juryen sett.
– Den allsidige aktiviteten på Kårvatn syner at Gudmund og Cathrine er opptatt av å ta vare på garden og verdiane den har. Dei bruker ressursane i eigedomen, ser framover og vidareutviklar garden til det beste. Arbeidet deira gir opplevingar og ny kunnskap. Gamle tradisjonar kjem besøkande og kommande generasjonar til gode. Gudmund og Cathrine er svært verdige vinnarar av Kulturlandskapsprisen 2022, avsluttar Else-May Norderhus.