Vi i redaksjonen nyttar høvet til å ønskje alle våre lesarar ei god og fredeleg julehelg. Men fordi om vi tek ein vefortent juleferie, så er vi nok likevel «litt på post» for å fange inn nyheiter. Elles er vi glade for at lesarane framleis er med oss – vi kan skilte med like bra lesartal som i fjor, både når det gjeld besøk på sida og talet på brukarar. Dette året er samfunnet stort sett kome i gang igjen etter pandemien, sjølv om influensa og covid enno «herjer litt». Dette har nok påvirka tilgangen på nyheitssaker i positiv retning.
Viktig er det iallfall at vi alle tek vare på oss sjølve og kvarandre.
God jul frå oss i redaksjonen! Bjørn Gunnar, Guro, Dordi Jorunn og Jon Olav