Det var fart over aktivitetane i gymsalen i kveld – det var ikkje meir enn 4 som møtte på første trimkvelden, men dei hadde det artig. Med så få deltakarar vart det balleik den første kvelden, og her var det ingen som fekk noko gratis! Men berre to på kvart lag vart dei litt for få, men dei håpar at fleire blir med på trimkveldane i gymsalen etter kvart.
Det er altså gubbetrim frå kl 20.00 og utover, og her er det plass til både unge og eldre «gubbar» for å delta. Gubbetrimmen blir arrangert i Todalen idretsslags regi og er gratis for den som vil delta. Så heretter er det berre å reservere søndagskveldane til trimaktivitetar i skulen.