Måndag kveld var det full fart på isen på Bordholmen. Topp istilhøve hadde bokstaveleg talt lokka gubbetrimmen ut på glattisen denne kvelden, og i lyset frå lyskastarane vart det utkjempa harde duellar med pucken. Sjølv om det var 7 kuldegrader hadde gjengen ingen problemer med å halde varmen, og det var berre såvidt dei hadde tid til å bli med på ein liten fotosession.

Først snø og så regn kunne lett sett ein effektiv stoppar på isaktivitetane på Bordholmen, men Knut Bergli i Todalen Idrettslag arrangerte ein kjapp rydde dugnad på isen laurdag. Derfor var det no kjempefin is på banen, og etter vermeldingane på yr.no å døme vil det fortsette minst ei vekes tid framover.