Idag arrangerte trimgruppa, med innleid guide og kjentmann Gudmund Kvendset tur til Korshammaren for å sjå etter restane av gruvedrifta, som var på 1840 talet. 9 personar var med på turen opp damvegen og vidare mot Todalshaugsetra og Korshammaren.
På turen informerte også Gudmund om seterdrifta før i tia, og det ble diskusjonar om kva planter og andre skapningar vi såg etter vegen. Tusen takk til Gudmund for nokre innhaldsrike timar.
Under finn bilete fra turen. Alle foto: Mari Redalen/Jorunn Nordvik