Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Grunnlovsminnet i Stangvik

Bernt Bøe Torsdag 20. februar 2014

Med fellesgudsteneste i Stangvik vil kyrkjelydane i Surnadal søndag 23. februar kl 11 markere 200-årsminnet for grunnlova.Etter gudstenesta, med både liturgisk og musikalsk innhald som mange vil kjenne seg att i, er det kyrkjekaffe og tilbakeblikk på grunnlovsåret 1814. Råg Ranes vil ta for seg dei historiske hendingane frå den gongen.

Stangvik kyrkje frå 1897 a

Stangvik kyrkje (frå 1897) slik ho ser ut i dag. Foto: Bernt G. Bøe.

Den 11. mars 1814 samlast folk i daverande Stangvik prestegjeld  til messe og møte – på prins Christian Fredriks ordre. Dei røysteføre valde da  Martinus Larsson Brøske og Anders Larsson Kanestrøm som utsendingar til Molde, der seinare tre mann frå Romsdals Amt vart utkåra til Eidsvolls-menn. Storstangvik-gjeldet omfatta den gongen bygdene langs båe sider av Halsafjorden heilt inn mot Todalen og Ålvundeidet. Det er såleis venta godt frammøte til fellesgudstenesta denne søndagen.

 

Publisert: 20. februar 2014, 17:00