Den siste delen av feiringa av grunnlovsdagen starta på ettermiddagen med gudsteneste i Todalen kyrkje, og folketog til skulen, der det var både matservering, allsong, tale for dagen og leikar for borna.
Det var vikarprest Torbjørn Brøske som var liturg, og Thomas Monrad Erlandsen som var organist under dagens gudsteneste. Etter gudstenesta var det kransnedlegging ved bauten, der John Moe la ned krans på vegne av Surnadal kommune, Todalen historielag og bygdefolket for å minnes dei sambygdingane som har gått i krigen for konge og fedreland. Deretter var det folketog frå kyrkja til Todalen oppvekstsenter, der 17.-korpset deltok med musikk og trommer.
I skulen var det servering av sodd, med kaffe og tilbehør etter middagen. Elinor Bolme heldt tale for dagen – ho tok utganspunkt i 1814, da demokratiet hadde sin start, og utviklinga som tok 100 år før kvinnene gradvis fik sin stemmerett i 1913. Som sanitetskvinne tok ho for seg viktige saker som NKS har sett på dagsorden dei siste åra – slik som «skjønnheitstyrraniet». Ho samanlikna også Todalingan, surnadalingan og rindalingar og sette dei i perspektiv, og poenterte at ei levande bygd kjem ikkje av seg sjølv – vi lyt delta.
Vi har laga eit bildegalleri med eit utval bilder frådagens aktivitetar i kyrkja, folketoget og i oppvekstssentret. Alle foto: Jon Olav Ørsal