Onsdag overleverte Eirik Fiske brev og underskrifter mot etablering av nasjonalpark i Trollheimen til kommunedirektør Lars Inge Kvande i Surnadal kommune. Fiske representerer grunneigarane i den delen av Trollheimen som er foreslege omdisponert frå landskapvsvernområde til nasjonalpark. Saman med underskrifter frå 80-90 % overleverte Eirik Fisk brev og kart over det berørte området – kartet viser kva eigedomar som blir berørt og kven som har skrive under på protesten.

Kartet viser kva eigedomar som er representert innafor det området som kan bli omdefinert til nasjonalpark. Kart frå grunneigarane i Trollheimen
Dermed er det iallfall ikkje lagt skjul på kva grunneigarane meiner om planane for for nasjonalpark i deler av Trollheimen. Fiske er tydeleg på at det må være lokal aksept for å opprette nasjonalpark. Lokal aksept betyr at over halparten av grunneigarane må akseptere planane – slik er det ikkje i dag.
No skal saka behandlast i kommunestyret, og kommunedirektøren meiner at lokal aksept betyr at det er fleirtal for plana i kommunestyret. -Eg vil ikkje forskuttere kva innstillinga til kommunestyret vil bli no, men det er vel rimeleg at synet til grunneigarane blir teke omsyn til i den politiske handsaminga.
Til slutt takka kommunedirektøren for engasjementet til grunneigarane, forstod kor stor betydning saka har for grunneigarane. – Vi vil nok følgje med på prosessane i dei andre berørte kommunane etter kvart som prosessen går framover.