Onsdag tok Søya/Todalen sitt J9/10 lag turen til Grøa stadion for å spele kamp mot Grøa. Kampen vart spela i det som må kallast «ekte nordmørsk» septembervêr, regn og litt vind.
I første omgang var det bortelaget som starta kampen klart best og hadde fire store sjansar, men måtte konstatere at ingen av dei vart teljande i målprotokollen. Så var det Grøa sin tur til å ha fire store sjansar, og dei greidde å få ballen i mål på alle sine. Fotball er ikkje alltid rettferdig!
I andre omgang var det ingen av laga som klarte å få overtaket i banespelet, men spelet bølga fram og attende med fleire store sjansar til båe lag.
Trenar Jens Nervik er likevel særs nøgd med utviklinga til laget. Laget har blitt mykje flinkare til å gå etter ball og fysisk sett har spelarane utvikla seg mykje sidan starten på sesongen. Gledeleg var det og at laget før kampen hadde fått ei «ny-signering» i Martine T. Øyen, spela sin første kamp for sesongen. Dette gjer at laget no har fullt mannskap. Dette lover godt for dei siste tre kampane.
Desse spela kampen for Søya/Todalen: Mia Kvande, Anna Vikan, Martine T. Øyen, Sigrid N. Grønnes, Signe Stenberg, Oda Helene Kvendset og Natalie Astrid Brusethaug.
Torsdag 24.september kl. 18:00 spelar laget heimekamp mot Surnadal på Bordholmen.