Dei fleste i Todalen er å finna innomhus i dagens grisvêr. Redaksjonen har vore på ein liten runde rundt byda for å sjå om det er store vassmengder rundt om. I småbåthamna er for eksempel landgangen ned til båtutlegget i ferd med å løsne, så her kan det nok føre til fleire skadar på både båten som ligg der, og sjølve utlegget.
Ellers er det meldt uver i området, og det er vel delvis komme inn med store nedbørsmengder og aukande vind utover ettermiddagen. Derfor er det vel store sjansar for at dei fleste av oss får med seg VM-sendingane utover dagen i dag.
Under er eit bildegalleri, som vi kjem til å fylle på med fleire bilder etter kvart utover helga. Foto: Elinor Bolme og Jon Olav Ørsal