Veret har snudd, og det regnar og sluddar vekselsvis. Dette fører no til glatte vegar og fare for uhell. Det fekk Gunvor Fuglevåg erfare då ho var i sluttfasen på postutleveringa i dag. Då er det kjekt å få hjelp av lokale karar som rykkjer ut i slike høve. Håvard var også i dag på plass som bilbergar. Den tredje på ei veke kunne han fortelje. Kanskje ikkje den siste før nyttårshelga er ferdig??
Så var bilen oppe att, klar for levering til dei siste husstandane i Todalen.