Torsdag kveld var tingvollgjeldingen Helge Husby i Todalen for å promotere den nye boka han har skrive om kamphandlingane i Gratangen. Slaget i Gratangen i aprildagane for temmeleg nøyaktig 82 år sia, og er rekna for å være det blodigaste som har skjedd på norsk jord. Helge fortalte at han har gått svanger med bokplanar helt sia han var ungdom, og at mange nordmøringar fall i Gratangen har vore med og påvirka planane som no er realisert.

Mange som ville kjøpe boka til Helge, så han hadde fullt opp med å signere og ta i mot betaling. Foto Jon Olav Ørsal
Helge Husby har sett seg godt inn i det som skjedde med Trønderbataljonen denne krigsvåren, både turen nordover til Finnmark og spesielt slaget i Gratangen der fleire nordmøringar fall i kampen mot nazistane. Husby fortalte at det var 764 soldatar som kjempa for Trønderbataljone – rundt 1/3 av disse var nordmøringar. No er det berre ein igjen som lever att som tidsvitne – 103-åringen Øystein Rødseth. To av dei som fall i slaget i Gratangen var her frå kommunen – Gunnar Bøe frå Bøfjorden og Hallvard Røen frå Kvanne.

Styreleiar i Todalen historielag, John Moe takkar helge Husby for eit interessant foredrag. Foto Jon Olav Ørsal.
Boka som Helge Husby har skrive er på 279 sider, og er rikt illustrert – trykt på papir av god kvalitet, og kostar 449,- Boka kan kjøpast i Ark bokhandel i Surnadal eller direkte frå forfattaren – epost: helge@fosnakultur.no