Konfirmasjonen nærmar seg, og før sjølve dagen, blir konfirmantane samla til samtalegudsteneste, der dei har sentrale oppgåver. Tysdag 18. april var konfirmantane i Åsskard, Todalen og Stangvik samla til samtalegudsteneste i Åsskard kyrkje, og dei som var der, fekk ei fin oppleving!
Konfirmantane si framføring av «Sju akter frå Jesu liv», var hovudbolken i gudstenesta, der konfirmantane i sine kvite kapper, med enkle rekvisita, iscenesette livet til Jesus, frå Maria fekk beskjed frå engelen om å bli mor – til Jesus sto opp frå dei døde.
Vi fekk oppleve Jesus som 12-åring i tempelet, Den bortkomne sonen, Jesu møte med Sakkeus,
Det siste måltidet skjærtorsdag, Krossfestinga og Oppstoda.
Torbjørn Brøske heldt andakt der han framheva Jesu sin måte å møte folket på.
Gudstenesta var regissert og gjennomført av prest Torbjørn Brøske, organist Bernt G Bøe og klokkar Randi Vetleseter Bøe.
Kvelden vart avslutta med servering i kyrkjestova der Kari Årnes og Inger Lise Heggem, som så ofte før, hadde ordna med kyrkjekaffe.
Takk til konfirmantane for ein givande og triveleg kveld! Takk også til Rannveig Brøske for foto og informasjon frå samtalegudstenesta.