Surnadal demensforening og helselag inviterer eldre til nyttårsfest på Thon Hotell Surnadal. Det skjer Torsdag 23. januar kl 17:00, og leiar Liv Botten ber om påmelding på telefon 957 29 719 seinast onsdag 15. januar.
På programmet for nyttårsfesta står først og fremst servering av middag, dessert og drikke, men det er også underhaldning av Mathias Kalvatsvik – kjent frå Bjørns orkester. Moglegheiter for ein svingom blir det også og loddsal /lynlotteri med mange flotte gevinstar. Arrangementet blir dekt av Surnadal demensforening og helselag, fortel Liv Botten som håpar at mange blir med og prisar det nye året. Meld deg på!