Tilbodet er gratis og omfattar:
Objektiv energianalyse av bustaden din på nett: Søk opp bustaden din på energiportalen.no
Avtale om digital befaring med energirådgevar (avgrensa tilbod): Bestill time med rådgivar på energiportalen.no
Dette kan du få råd om:
- Elbillading
- Etterisolering av veggar og tak
- Bytting av vindauge og dører
- Installering av varmepumpe
- Solceller
- Smart styring
- Alternative energikjelder
- Støtteordningar frå Enova
Kontakte kommunen
Tilbodet er ein del av kommunen sitt arbeid med klima og energi. Kommunen skal bidra til kunnskapsbygging og legge til rette for at innbyggarane skal kunne ta klimavennlege val. Dei som ønsker meir informasjon kan ta kontakt plansjef i Surnadal kommune, Råg Ranes.
Kontakte kampanjen:
Kampanjen er finansiert av Møre og Romsdal fylkeskommune og blir levert i samarbeid med kommunane i fylket. Tjenestene og rådgjevinga er levert av Simenergi AS og EEFFY AS. Kontaktperson i Simenergi er prosjektleiar Nicolai Dirdal