Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Gratis formiddagskaffe og bingo

Elinor Bolme Tysdag 13. oktober 2015

Neste måndag, den 19. oktober mellom klokka 11.30 og 13.00 blir det i samarbeid med Surnadal videregåande skule og Todalen Sanitetsforening arrangert formiddagskaffe til alle pensjonistar i Todalen igjen. Dette er i forbindelse med læreplana til ein klasse med 16 gutter og jenter som i år går helse- og oppvekstlinja på Surnadal vgs.

Desse elevane skal igjennom skuleåret lære seg å fremme trivsel hos eldre og for at dei skal øve seg på å snakke med og ha aktiviteter saman med ulike grupper mennesker. Elevane har planlagt å spele gratis bingo som aktivitet denne måndagen også, med premier baka av elevene sjølv. Faglærar Ingeborg Myrvang håpar derfor at pensjonistane i bygda dukkar opp på kaffe og bingo i Todalen Sanitetshus.

IMG_6461

Her frå bingorunden sist gong, den 14. september.

Først publisert: 13. oktober 2015, 06:05 - Sist oppdatert: 12. oktober 2015, 00:11