Frå i dag er det nok full fart på årets 2.-slått. Det ser ut til at det har vore gode vilkår for grasvoksteren etter at 1.-slåtten var unnagjort. I juni har det vore nok regn og god nok temperatur, og dermed ser det ut til å blir bra avlingar for 2.-slåtten.

Tor Asbjørn M. Karlsen hadde jobben med å rake sammen graset og klargjering til å kjøre kuttaren. Foto Jon Olav Ørsal
Yr.no melder om nokre dagar med sol og varme, og dermed er det ikkje noko å vente med. Todalen Mjølk starta slåtten alt onsdag kveld, og i dag reknar vi med at det blir fleire som kjem i gang med slåttaarbeidet.