Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Granhekken møtte overmakta

Granhekken møtte overmakta

Jon Olav Ørsal Onsdag 13. februar 2013

I dag måtte granhekken i krysset mellom FV671 og Myrjarvegen på Kvennset til pers. Det har lenge vore planlagt at  denne trafikkfella ved den kommunale vegen og fylkesvegen skulle felles for å auke trafikktryggleiken i krysset. Det skjedde i regi av Skog-kompaniet, men med Ola Bruset frå Surnadal kommune med motorsag og Inge Dønheim frå Dønheim Transport med lastebil.

Hekken har stått der i rundt 40 år, og no begynte det å bli skikkelege dimensjonar på grantrea. Krysset mellom Myrjarvegen og FV671 har vore ei av dei farlegaste trafikkfellene i området, og det er nok mange vegfarande som sett pris på dette tiltaket.

Vi har fått mange bilde frå «Aksjon granhekk» fra May Elisabeth og Tor Holten. Dei ligg i galleriet nedafor.

Publisert: 13. februar 2013, 19:25