I fjor var det eit grågåspar som hekka på stabburstaket i Nilsstua på Husby. For nokre dagar sia var dei på plass igjen og etablerte reir og rugeplass. Det er nok truleg det same paret som var der i fjor, og dei hadde da ei vellukka hekking og klekte 5 flotte gåsunger til verda.
Da var vi på plass og fekk oppleve at dei hoppa ned frå taket og vart geleida ned Husbybakkan, over vegen og ned i kanalen som går utover til lauvåa. Seinare på sommaren vart dei truleg observert på Todalsøra og voks nok opp i våtmarksområdet på Halsetøran.
I dag kunne vi observere dei rett utfor kjøkkenvindauget heime og da fekk jammen paret besøk av ein beilar. Men han heldt dei unna og no er dei nok i ferd med å gjøre unna verpinga og er klare for å starte ruginga. Så om nokre veker får vi passe på når det blir klekking.