08.04.2020: Statusrapport – gradvis reopning av barnehagar og skule. Det er ikkje påvist nye smittetilfelle i Surnadal kommune. Regjeringa vidarefører alle tiltak fram til 20 april. Frå 20. april har regjeringa opna for ei gradvis normalisering i delar av samfunnet. Det er ei positiv nyheit at regjeringa no meiner det er grunnlag for å gi oss litt av kvardagen tilbake.
Dette kan vi saman lukkast med dersom vi alle tek dei gjeldande smittevernråda på alvor. Dei viktigaste hygienetiltaka er framleis:
• God handhygiene
• Unngå å hoste og nyse
• Halde avstand
• Halde seg heime dersom ein er sjuk
• Be om testing ved mistanke om smitte
Frå måndag 20.04.20 blir barnehagane i heile landet gradvis opna igjen.
Frå måndag 27.04.2020 blir skulane opna for 1.- 4. trinn og SFO.
For 5.- 10.trinn blir opplæringa framleis gjeve som fjernopplæring. For barn som har særskilde behov vil det framleis vere dagtilbod uavhengig av alder.
Surnadal kommune har tillit til dei vurderingane som regjeringa har gjort. Dette er eit ledd i normaliseringa av kvardagen til barna våre.
Oversikt over rapportar som er lagt til grunn for regjeringa sine vedtak:
• Samfunnsøkonomiske virkninger av smitteverntiltak – rapport fra ekspertgruppe
• Tiltak på skole- og barnehageområdet under koronautbruddet
• Tiltak på skole- og barnehageområdet – presentasjon
• Fylkesmennenes rapportering av konsekvensene av stengte barnehager og skoler
• Helsedirektoratets anbefaling om tiltak mot utbruddet av koronavirus i Norge
• Covid-19 – Kunnskap, situasjon, prognose, risiko og respons (Folkehelseinstituttet)
Retningsliner for trygt smittevern:
Det skal utarbeidast nasjonale rettleiarar for hygienetiltak i barnehagane og skulane. For barnehagane kjem rettleiaren torsdag 16.04.20 og for skulane måndag 20.04.20.
Surnadal kommune følgjer dei nasjonale retningslinene, og er godt i gang med å planlegge den gradvise gjenopninga av barnehagane og skulane for 1.- 4.trinn og SFO. Vi vil sende ut meir informasjon når rettleiarane er komne, om korleis den praktiske oppstarten blir. Det skal vere trygt å sende barna til barnehagen og skulen. Det skal og vere trygt å jobbe der.
Det er sendt informasjon til alle føresette i barnehage og skule i dag om dette.