Det er snart mai og klart for russetid for avgangselevane ved Surnadal vidaregåande skule. For niande året på rad vil russen få ei helsing frå sanitetsforeningane i kommunen, nemleg goodiebags.
Torsdag kveld var medlemer i Todalen sanitetsforening i full gang med å pakke goodiebagane til russen. I goodiebagane vil russen mellom anna finne antibac, kjeks, buff, kleenex, kondomar, våtservitettar, informasjon om sanitetsarbeidet osv. Dette er ei gåve frå sanitetsforeningane til russen og med ønske om at alle i russekullet vil får ei fin, triveleg og trygg russetid. På russetreffet vil helsesøster kome med gode råd, representantar frå Røde Kors vil informere og så blir det ei helsing frå banken.
Goodiebagane frå Todalen sanitetsforening og Surnadal sanitetsforening vil bli delt ut på russetreff måndag 24. mai i Sparebank 1 – Surnadal.