Tysdag inviterte Fjellgruppa i Pensjonistforbundet Surnadal til fjelltur til Tindan. Og nok ein gong vart dei ein kjempefin tur i skikkeleg fint haustvêr!
– Vi parkerte bilane ved Hennasetra i Hennadalen og tok fatt på lia opp mot skaret mellom Hennafjellet og Nonsfjellet, fortel Lars Gudmund Røen i Fjellgruppa.
– Vi følgde stien vidare innover Nonsfjellet til Tindans topp og vart premiert med utsyn til hav, holmar, øyer, fjordar. dalar og fjell så langt som augene kunne sjå, legg han til.
Fleire bilete frå Fjellgruppa sin tur kan ein sjå nedanfor: