Siste måndagen i september vart ein retteleg finversdag; sol og landvind! Ideell dag for kløvertur i solvendt li.
Turen gjekk etter skogsvegen frå Talgøgarden og innover lia på nordsida av Storelva; kjøle fin veg, men med mange bratte bakkar.

Kjekt å treffast! Her ser vi: Helga, Kari, Arndis, Liv Jorunn, Karen Johanne, Dordi, Synnøve, Åshild, Marit, Helen, Jorunn og Åse. Foto: Dordi Jorunn Halle.
Vel framme på Svabu vart det lang kaffepause, reint så triveleg. Og heimturen gjekk både raskt og lett i lange unnabakkar!
Ny kløvertur om ei veke, turrute blir gjort kjent seinare.
Fleire bilete frå ein fin haustdag:
Samling før start! Alle gler seg til tur! Foto: Marit Sanden Søyset.