Siste måndagen i august kom med sol og fint ver; perfekt dag for Kløvertur. Dagens tur gjekk frå Bruset innover langs Storelva til Hengebrua, og tur utover att på Halasida; dette er ei kjøle fin turrute! Her er det mange fine kvileplassar, tavler med interessante lokalhistoriske opplysingar, og graset langs elvebreidda er alltid nyslege.

Jon Bruset hadde mykje å fortelje – kjekt: Her ved informasjonstavla om Ethelbert Lort Phillips og Toåa. Foto: Dordi J H
Jon Bruset var med på turen; han er lokalkjent og hadde mykje interessant å fortelje. Han fortalde om laksefisket i «gamle dagar» da det vart fiska med teiner; og dei fiska så mykje laks at på Bruset hadde tenestefolket avtale om at det ikkje skulle vera laks til middag meir enn tre dagar i veka! Laksen vart til og med bruka som mat for grispurkene. To av hølane i elva har namn frå denne tida: Nedre og Øvre Teindammen. Da Ethelbert Lort Phillips tok over fisket i elva rundt 1900, vart det slutt med teinefisket.

Her ser vi Bruset øvre. Om lag rett ned for husa og på elvekanten låg heimen Ner-Neset før. Husa der vart flytta til Høyem. Foto: Dordi J H
Det vart kaffipause ved Hengebrua; her var det både bord og benkar. Hengebrua stod ferdig i 1939. Ho vart bygd etter at Engjavadbrua vart øydelagt av isforr i 1932. Engjavadbrua eller kanskje Endavadbrua låg litt nedanfor der Hengebrua er i dag. I åra mellom 1932 og 1939 vart det brukt ferje for å ta seg over elva.
Altså vart dette både ein interessant turdag og ein dag med triveleg, sosialt samvær!
Måndag om ei veke er det ny Kløvertur; da blir det kanskje Gammelvegen uti Svinvika.
Eit par bilete til frå ein fin dag:

Turfølget ved informasjonstavla på Hafallmelen. Frå venstre: Marit, Jon, Kari, Synnøve, Helen, Åse Johanne, Dordi Ingeborg og Nils. Foto: Dordi J H