Dei siste dagane har det vore godt storseibett lenger ute i fjorden. Hans Gundersen fortel at han har drevet fiske utmed Rakanesset og ved Drøpping, og i går vart det storfangst med ca 50 kilo fin storsei. Hans bruka snøre med pilk og gummimark, og det var saker som frista storseien.
Det meste av fangsten var fin storsei som egna seg godt til filetering. Det ryktes også at det er brukbart fiske etter sjøaure, uten at vi kan rapportere nokon konkrete fangstar. Send oss gjerne bilde frå fisketurar på sjøen med nokre ord om fangsten som er gjort.