Tysdag kveld var det tid for å hente seg ny klubbjakke, ein riktig fin og lett treningsjakke. Kasserar i Todalen idrettslag, Michal Heimlund, vart godt fornøgd med salget, nesten 100 jakker!
Michal rosa Elinor Bolme som kom med ideen til å ordne med nye klubbjakker. Elinor som er trenar for knøttelaget i Todalen, fortel at initiativet til dette har bakgrunn i eit ønske om at knøttelaget skulle ha like drakter og treningsjakker når dei skulle ut av bygda for å delta i ulike cupar. Dermed vart det ordna med sponsorar, og det var tilbod til medlemene i Todalen idrettslag om å kjøpe seg jakker.
Jakkene er fine, og Michal Heimlund takkar både sponsorane og ildsjela Elinor for dette fine tiltaket. No er det om å gjere å ta jakkene i bruk, både i og utanfor bygda. Det vart alt tysdag kveld fortalt at jakkene skulle brukast både her og der, i alle fall i Oslo, Island og Stavanger i den næraste tida.