Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Godt resultat for TV-aksjonen i Surnadal kommune

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 19. oktober 2025

Etter fleire år med berre digital innsamling og med til dels dårlege innsamlingsresultat, besstemte styret i Surnadal frivilligsentral og dagleg leiar for sentralen seg, saman med fleire frivillige organisasjonar for at det skulle vere fysiske innsamling med bøsseberararr under årets TV-aksjon i Surnadal kommune. Inntekta frå årets TV-aksjon går til Atlas alliansen, som er ein paraplyorganisasjon som består av åtte organisasjonar for og av funksjonshemma.

Årets TV-aksjon har fått namnet «Sammen åpner vi dører» og skal bidra til at funksjonshemma i land med krig og fattigdom, får eit verdig liv. Inntektene frå årets TV-aksjon vil hjelpe rundt to hundre tusen funksjonshemma rundt om i verda til å få eit verdig liv. 

Sissel Halset Storslett var ei av bøsseberarane søndag. Foto: Jon Olav Ørsar

Etter ein litt treg start med å få tak i bøsseberarar, vart det etter kvart bøsseberarar på alle rutene, og bøsseberarane vart godt modttekne på si ferd rundt om i kommunen.

Det er no kome inn over 300.000 kroner til TV-aksjonen i Surnadal kommune, og kommunen ligg med det godt over landsgjennomsnittet, så det er tydeleg at fysiske bøsseberarar gjev eit mykje betre innsamlingsresultat. Resultat frå TV-aksjonen 2025

Kjell Otnes og Sverre Fiske tok imot ordførar Hugo Pedersen, som denne dagen var bøsseberar i Miljøgata på Skei. Foto: B G Ansnes

SpareBank 1 Nordmøre opna dørene og var teljekorps

Etter initiativ frå Liv Dalsegg i SpareBank 1 Nordmøre, stilte banken med tilsette til å vere teljekorps. Når bøsseberararne var ferdige på rutene sine, leverte dei bøssene i banken for registrering og oppteljing. 

Alle som var innom SpareBank 1 Nordmøre på søndag fekk Twist og kaffe. Foto: B G Ansnes

Kaffe, kaker og letteri på frivilligsentralen. 

På Surnadal frivilligsentral på Skei hadde den lokale komiteen for TV-aksjonen rigga seg til med kaffe og kaker. Alle bøsseberarane fekk gratis kaffe og kaker, medan dei mange andre som møtte opp, betalte ein liten sum, der inntekta gjekk uavkorta til TV-aksjonen. Kakene var sponsa av lokale butikkar, noko komiteen sette stor pris på og var skikkeleg takknemlege for! 

På frivilligsentralen var det også eit stort lotteri, med heile tjue to skikkeleg fine gevinstar, alle sponsa av lokalt næringsliv og lokale kunstnarar, noko komiteen også sette stor pris på og seier tusen takk for!

Det komm inn 7.400,- kroner på lotteriet, som også i si heilheit går til TV-aksjonen 2025. Trykk på lenka «Trekningsliste for å sjå dei heldige vinnarane. 

Triveleg kaffelag på frivilligsentralen søndag. Foto: B G Ansnes

Vi kan allereie no fastslå at årets TV-aksjonen 2025 i Surnadal kommune vart ein flott innsamlingsaksjon med godt resultat.

Stor honnør til frivilligsentralen, dei frivillige orbanisasjonane,, alle bøsseberarane og SpareBank 1 Nordmøre for verdifull innsats for ei god sak!

Det er framleis mogleg å gje pengar til TV-aksjonen på Vipps 2133 eller ved å gå inn på tvaksjonen.no

Først publisert: 19. oktober 2025, 19:42 - Sist oppdatert: 20. oktober 2025, 06:56