Kløverrusleturen måndag 11. september gjekk frå Matkroken og utover til Småbåthamna. Oppmøtet var godt, det er tydeleg at mange synest det er triveleg å ha turfølgje på trimturen. Veret var bra, litt sol og litt vind, men heldigvis var det mild landvind og ikkje kald nordvest.
For å få kvileplass til alle hadde Jorunn flytta hagemøblane sine ned til Småbåthamna og pynta med dukar og blomster. Etter kvart vart det kaffelag med god servering; her var det både riktig gode kanelsnurrar og bakels med graut og heimelaga moltesylte, det siste er nok skikkeleg «furkunjmat» for mange. Triveleg og god prat rundt borda; trur vi kan vere einige om at Kløverrusleturane er eit godt trivselstiltak i bygda.
På dagens tur var det også med eit bursdagsbarn, nemleg Ingrid Pedersen; så for første gong på Kløvertur vart det bursdagssong. Ingrid hadde følgje både av mor Ingunn og bestemor Jenny på turen, altså tre generasjonar med på Kløverrusletur i dag. Slett ikkje verst!
Det er greitt for mange at utgangspunktet for turane er butikken vår, for da kan ein kombinere skyssen til Kløverturen med ein handlerunde. I dag kunne skyssen til og med kombinerast med tur opp til skulen for å stemme.
Neste måndag blir det Kløvertur til Hjellnessetrene, og om fjorten dagar er det plana å ha ny rusletur.
Fleire bilete frå Kløverrusleturen i Småbåthamna 11. september: