Siste kvelden i mars heldt Todalen historielag årsmøte i Ungdomshuset med god deltaking, heile 32 medlemer var møtt fram.
Årsmeldinga syner at historielaget har god aktivitet. I 2015 hadde laget to kulturvandringar, ei på Kårvatn og ei etter den gamle kløvstien frå Todalshaugen til Hjellnes. I januar var det ope møte med kåseri av Gunnvald Bøe der temaet var gamle ord og uttrykk og i november bokslepp for «Årsskrift 2015». På båe tilstellingane vart det også vist historiske bilete, og alle arrangementa har hatt riktig godt oppmøte. Medlemstalet i laget er 171, og økonomien er god. Medlemskontingenten er framleis 200 kroner for enkeltmedlemer og familiemedlemskap kostar 250 kroner, årsskrift er inkludert i kontingenten.
Valet gjekk greitt. Leiar John Moe tok attval, og i styret har han med seg: Wenche Kvendset, Svein Åge Saksen, Sven Olav Svinvik og Dordi Jorunn Halle, varamedlemer er Marit Sanden Søyset og Ragnar Halle (ny). Varamedlemene deltek aktivt i styrearbeidet.
John Moe avslutta årsmøtet med å takke Sidsel Kalseth Heimlund for stor innsats og godt arbeid for historielaget gjennom mange år.
Etter årsmøtet var det underhaldning og kveldsmat. Filmen «Polsdans frå Nordmøre i tradisjon frå Todalen» vart vist fram. Filmen vart innspela i Todalen i 1972 og 1974 med dansarar frå Todalen og med Leif Halse og John Røen som spelemenn. Interessant å sjå dansen og høyre musikken, men ikkje minst kjekt å sjå folket. Dei fleste av deltakarane i filmen er no borte, berre fire lever no.
«Skannarpatrulja» i historielaget, Ingri Bruset og Ragnhild Ansnes Moe, viste så ein interessant biletserie over temaet bruer i Todalen. Takka vere Ragnhild og Ingri har historielaget no eit stort og verdifullt biletarkiv.
Siste post på programmet var at John Moe viste film frå storflaumen i august 2003, dramatiske dagar og uhyggelege minne, men det gjekk godt da flaumen ikkje gjekk ut over liv og helse.
Eit godt årsmøte og ein interessant kveld, og leiaren avslutta med å takke for oppmøtet og ønske alle vel heim.