Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Godt nyttår! …. og takk for det gamle!

Jon Olav Ørsal Sundag 31. desember 2023

Når vi står ved inngangen til eit nytt år, så er det naturleg å stoppe opp og sjå seg tilbake.  Vi i Todalen.no har lagt ut 1018 saker så langt i 2023. Det er omtrent det same talet som i 2022, og viser vel at vi henger godt med, når vi no siktar oss inn mot det nye åreet 2024. Vi har i gjennomsnitt 12-1300 besøk på sida kvar dag, og det viser at det er stor interesse for både store og små nyheiter frå Todalen – langt utom Todalens grenser!

Det er også naturleg å takke alle som har teikna medlemskap og som er med og støttar oss økonomisk. Utan dere ville heile prosjektet gått i stå.  Vi ser på våre statistikkar at det er stor interesse for lokale nyheitssaker  – i desember var det f.eks. saka om Romjulsmarsjen som hadde flest lesarar.

Vi i redaksjonen nyttar høvet til å takke for eit aktivt år, og håpar at dere blir med vidare inn i det nye året.   Godt nyttår!

Helsing oss i redaksjonen – Guro, Dordi Jorunn, Bjørn Gunnar og Jon Olav.

 

Publisert: 31. desember 2023, 20:00