Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Godt nyttår!

Jon Olav Ørsal Laurdag 31. desember 2022

Tida er inne for å ringe inn eit nytt år – mellom klokka 17 og 18 sørger kyrkjeklokka for å varsle om det nye året som er på gong.  Etter midnatt kan vi altså skrive 2023, og vi på todalen.no varslar om nytt år for 14. gong. Vi er faktisk litt stolte av at vi har klart å halde den lokale portalen operativ så lenge og at vi heile tida har opplevd eit aukande tendens i lesartala.  Dei siste åra har nok vore ei utfordring i så måte, men i det store og heile har det gått bra.

Nøkkelen til suksessen er nok at vi har klart å halde oss oppdatert, og har hatt nye saker kvar dag.  Vårt slagord er da også «Todalen.no – kvar einaste dag!».Vi i redaksjonen helsar «Godt nyttår til dere alle!»

Bjørn Gunnar, Dordi Jorunn, Guro og Jon Olav

Publisert: 31. desember 2022, 17:00